Mange har kommentert bileta som har dekorert veggane i Kadaver sidan opninga, og no har kunstnaren endeleg gått med på å vise fram fleire av måleria sine i ei eksklusiv utstilling i KB77//Kadaver. Bileta har vore med på å gje Kadaver den gode stemninga som alle kjenner når dei kjem inn her.
Kunstnaren som gøymer seg bak namnet Myggen/BIA er ei dame med djupe røter i Ytre Nordfjord. Ho leikar seg med ulike teknikkar og tema i bileta sine. På utstillinga vil de få sjå eit breitt utval av bileta hennar, og ønsket hennar er at minst eitt av bileta gjev akkurat deg noko spesielt.
Utstillinga er delt i to delar:
Fredag 11. oktober kl. 10-15, vernissasje i KB77 med vanleg lunsjservering
Laurdag 12. oktober kl. 19-01, salgsutstilling i Kadaver med snacks og ope i baren
Velkomen!